- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
273

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AARSFESTEN I UNGDOMSLAGE 273

Han visste at me skulde halde Fest, men skyna at
dei unge ikkje soleis med ein Gong kunde koma i
Høgtidslage. Dei heldt seg stødt samla i tett Flokk
liksom til aa verja seg, og saag ut til aa vera tyngde
av Stilla og den aalvorsame Salen. So kom han hit-til
deim ender og daa og freista aa friske deim upp. Og
det hende at dei han tala til smilte.

Det var no ikkje Meiningi heller, at ein skulde
tykkje langt eller hava det keidsamt i dette Lage; tvert
imot. Det stod med tydelege Ord i Lags-lovi, at ein her
skulde samlast til Hyggje og Tid-Trøyting; berre at alt
skulde gaa for seg i kristeleg Aand. Det vart visst
og arbeidt med at desse Lov-Ordi um Hyggje og
Tid-Trøyting kunde bli anna enn berre Ord; det vart
haldi Fyrilesningar um baade eit og anna; og siste Joli
hadde dei endaa havt Joletre. Men i Dag saag det
ikkje ut til at Moroi vilde upp, endaa Presten Hermansen
tydeleg gjorde det beste han kunde. Um han var lentug
eller morosam i kristeleg Aand, so smilte dei unge, men
vart og utrygt; og so vart det ikkje meir av det.

— No kom det ikkje fleire. Det kunde ikkje nytte
aa stire paa Døri lenger; alle Augo hadde etter kvart
vendt seg mot den bleike Mannen. Han kunde likso
gjerne taka til no. Den bleike Mannen saag paa
Klokka si, men venta endaa eit Bli. Att og fram
gjekk han, fortare og fortare, gneid dei mjuke
Hen-dane sine og sende Augnekast upp mot Lofte, liksom
han venta Hjelp fraa den Kanten. Men det kom ingi
Hjelp. Daa raadførde han seg med Klokka endaa ein
Gong. Det gjorde eg med. Mi gjekk so um Lag 10—12
Minuttar for seint; etter det skulde Klokka no vera
ikring eit Korter yvi fem. So eg kunde ikkje skyna
kva han drygde etter.

— Endeleg.

Presten Hermansen gav eit Teikn. Døri vart att-lati.
Den blanke Straumen av Dagsljos som hadde stadi inn
gjenom Døri vart utestengd; Rome liksom myrkna. Den

18 — Garborg. VI.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0281.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free