- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
289

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DØY

289

utan Håndtre eller nokon Ting; Plankar lagde paa tvers
yvi eit Underlag av Bjelkar, hm. Og ho var høg; so
ikkje Isgangen . . . skulde taka ho um Vaarane. Og
knapt yvi fire Alnir breid; berre so vidt ein godt kunde
køyre.

„Haalt og gletti var der og no i Snøtiningi. Meiane
gleid, so dei kom heller langt ut-aat Brukanten stundom.
Og der inn-under gjekk Elvi tung og svær.
Kvitskav-lande. I full Flaum. Med Brot og Brak og Bresting
av Is som dreiv; store, vide Isflagur. Eg sat paa
Langsleden og torde knapt glytte der ned. Det var som aa
sjaa ned i ein . . . Avgrunn."

„Uff!"

„Hm. Hm-hm. Paa Heimvegen køyrde Drengine
fyri. Eg og Blakken kom etter med eit Lass Halm.
Eg torde kje sitja paa Lasse yvi Brui; gjekk attmed;
fylgde Blakken. Var ikkje rædd. Hadde det gjengi
godt fyrr, so gjekk det vel godt no med; Blakken var
so klok; han greidde det aaleine.

„Den fyrste og leidaste Stubben klara eg fint; daa
tottest eg vera framfødd. Eg heldt meg tett inn-aat
Blakken og røynde mitt Mod med aa gange aa sjaa
ned i Elvi; det var vent og, totte eg; veldigt. I gule
Kvervlar fossa det paa; svart og djupt; og Isflagune
tumla Kant um Kant; mot kvarandre og yvi kvarandre.
Og kannhende fire og tjuge Tömar millom meg og
Bru-Kanten.

„Med ein Gong ... eg veit ikkje köss det bar til;
men Lasse var komi fram paa Sida av meg, og dei fire
og tjuge Tornane hadde vorti til tolv ..." han geispa.
„Eg vilde berge meg fram aat Blakken att; daa gleid
Lasse med Framenden —" . . . „hu, Morbror!" —
„lite Grand; berre lite Grand; men Kanten vart so
smal at eg kunde ikkje koma fram-um lenger. Ptro,
Blakken! — eg slepte Taumen og vilde berge meg
att-um Lasse; daa gleid den attarste Enden med . . ."
„Nei! nei!" eg tok Tak i Stolen hans ... „so gleid

19 — Garborg. VI.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0297.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free