Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I HEIDANE
319
„skal det bli paa den Maaten uppetter Dalane her, so
vert det snart ikkje livande! Og daa kann Fantane ta
heile Herlegheda. He-he. Ja du hev kje gjengi fraa
Jæren til Sirdalen og ikkje treft Fantar? Dei raar seg
fritt her dei; rekkjer att og fram liksom Smalen. Og
Folke, stakkar, som bur kvar for seg og inkje Forsvar
hev, maa berre halde seg til Véns med Fanten, og
svara han Skatt, Toll og Tiend som ein annan Konge.
He, he! Ja sant. Og so er det Storfanten daa, som
syg og gneg paa Bonden fraa sin Kant. Latinarane,
som Jaabæk kallar deim. Ja du held vel med Jaabæk?
— du hev vel alltid so mykje Vit?"
Aa be’re meg; han var Jaabækianar. Og no var
han komin innpaa Politiken. „Ja far vel daa . . ."
Men han slo Kloi i Kuftekragen min og dreiv paa.
Latinarane var dei verste. „D’er kje berre det at dei
syg og gneg paa Bonden justsom Iglar; det verste er
at dei narrar denne stakkars Ungdomen til aa tru, at
det me skal her i Verdi, det er aa sidja i ein
Pude-stol og patte paa ei Pibe; eg hev nok sétt av det,
maa du tru . . . Nei bia no! Det var det eg skulde
spurt: koss er det med Smalaprisane der burt i
Stavanger? Ja eg spyrr; for eg skynar daa so mykje, at eg
ser du er Handlar."
Eg sagde at eg var Student. „Lattinar, Farr min?"
Daa lo han; og det vesle blanke Auga blinka listigt
og lystigt. „Ja den Jærbuen; han er no so udkröbin
og lur. He, he, he, he!" Han lo so eg slapp fraa ’n.
Det siste eg høyrde var: „Du lyt studere til Prokerattar
daa!"
Etter dette kjende eg meg ikkje trygg fyrr eg var
komin yvi Sira-Aai og paa Fjellstig att. Daa lauga eg
meg og heldt Dugurd paa min siste Pølsebit; kveikte
so Pipa og kvilde. Og Soli vermde og Sira song. Daa
var det godt aa vera til. Ja; Fjelle hev sine
Høgtids-stundir. Det er so det enno kann kvile i meg, naar
eg minnest det.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>