Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I HEIDANE
321
vera? Og dei stod og tok Maal av meg: kor mykje
kunde eg vera verd millom Brørar? — tenkte dei visst.
Noko attum meg fekk eg Auga paa ein flat Stein; den
steig eg ut-paa, so Vegen vart fri; dei takka og
velsigna; men dei gjekk ikkje.
Det hadde kje falli mange Ord. Men no tok den
vesle brune til aa tala. Lett og haalt og lite truande.
Det var um ein Praam som dei hadde laant; og um
Vegen som vart verre og verre upp-etter her; um eg
daa ikkje vilde gjera so inderleg vel for Guds Skuld
aa taka denne Praamen med meg upp-yvi til Gards
att; so slapp eg lettare fram sjølv med? Dette
samtykte dei alle med mange Faktir og mykje Augnebruk;
og snart stod heile Flokken der og olstra um denne
Praamen. Eg svara ha og ja og berre venta paa kva
som meir skulde koma.
Det kom ikkje meir; men dei gjekk. Takkande og
velsignande kvarv dei i Urdi som dei or Urdi var
komne. Og eg gjekk til min Kant. Eg hev ikkje sétt
deim ut til Pengemann, tenkte eg; og til Steik hev dei
vel funni meg for mager.
Ussetande, løynfule Folk. Store Barnsungar og
Ljugar-herk. Dei hadde stoli ein Praam. No venta dei
Eigaren etter seg og vilde stagge ’n med aa sende
meg imot ’n, liksom det vert sagt at dei staggar
Skrubben um Vinteren med aa kaste Borni sine til ’n, eitt
for eitt; for Born kann dei alltid faa att. Men meg
skulde dei ikkje narre. For meg skulde visst
Tjuve-godse faa staa der det stod.
Ein halv Times Tid etter sat eg i Praamen. Stigen
var komin burt for meg, og mindre og mindre
framkjømd var Urdi vorti, so eg laut berre taka den Hjelpi
som baudst og takke til. Ein fekk ikkje vera so strid
paa dei juridiske Distinktionar her i Heidane. Ingin
Ting so gali, det ei var for eitkvart godt. Det kunde
koma vel med at det vart stoli Praamar og stundom.
21 — Garborg. VI.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>