- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
348

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

348

KVÆDE

Me veit at som me stend i Dag,

me hev det ikkje godt.

Her vantar mest av alle Slag,

og her er surt og raatt.

D’er vitlaust slaa seg her til Ro

ikring sin siste Dram;

vel tyngjer Byrd og klember Sko;

men, kjære, me maa fram.

Det vert visst tungfør Ferdabolk;

Vegen er lang og stygg.

Men at me ein Gong kjem til Folk, —

paa den Ting er eg trygg.

Fraa Høgheid ber det ned i Lid;

der leikar Bukk og Lamb;

so naar me Bygdi ljos og frid,

naar berre me held fram.

Men Vegen? — Aa, me finn nok Veg.
Me veit kvar me hev nord.
Og Hug og Lengt og Leiting dreg
oss inn paa Stig og Spor.
Me etter Vite Leidi held;
det bergar langt, so Skam! —
So vinn me ned fraa Bré og Fjell,
so visst som me held fram.

Det vitlaust er, de vel forstend,

aa gje’ seg yvi her.

Der nede ligger Mannheims Grend

med Bø i Bø og lær;

der nede ligger Mannheims Bygd

med Ljos og Drust og Dramb ;

i Veg me legg med Mod og Trygd;

me veit at me maa fram!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0356.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free