- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
358

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

358

KVÆDE

Men gjenom farande Tidir
bryt Stormen seg større Veg.
Og i dei lange Nætar
paa Røtane Frosten gneg.
Og fyrr det nokon tenkjer
glid Bjørki av Kollen stilt
og sig med Sukk gjenom Greinir
i Djuve djupt og villt.

Det er ei Kvardags Sogu,

men ho gjeng med mykin Graat.

Ho gjeng som Dynjing um Strendar,

som Sus i Natti vaat.

Det er ei Kvardags Sogu,

tidt høyrd i By og Grend;

men Livsens djupe Jammer

stig syrgjeleg fram i den.

Ivar Aasen.

Trøytt naar Soli ho gjeng i Hav
Stridsmann søkjer sitt Svæve;
sæl no søv under Hovudstav
Ivar Aasen hin gjæve.
Minne vakjer ved denne Grav
i all Æve.

Lang var Dagen og Vinna vand;
djup var Grunnen aa grava;
alt laag ned-velt i Aur og Sand;
tungt maatte Mannen kava,
fyrr han naadde det me og han
vilde hava.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0366.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free