Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KVÆDE
363
Dette Krambu-Jugle fraa aust og vest
som de førde heim, — ja det var vel best?
Klæde fraa Hamburg, Snus fraa Rotterdam,
01 ifraa Tyskland, Kaal fraa Kaupenham’,
Stolar fraa Wien, Ost ifraa Haag,
— det maatte vel vera gildaste Slag?
Svenskeknivar, Garn ifraa Edinbourgh,
franske Korsett og sveitsiske Ur,
engelske Whiskers og Dansar fraa Paris,
— det var vel alltid betre enn vaar Heimevis?
Snart Dølen mest so fin som ein Bymann var:
det fanst knapt noko norskt paa hans heile Gard.
Plogen var tysk og Horvi ’merikansk;
Reka var svensk, og Tunga braut paa danskt.
Han drog ihop Fabrik-Jugl og Landhandlar-Kraam,
til Stogo hans misste sin Heime Daam.
Og dette driv han paa med alt meir og meir;
snart Huse hans ser ut som eit Kraake-Reir.
Der sit han no og trur han er fælt so gild.
Men stundom er det mest som han kjem i Tvil.
„Skal dette vera Finleik og Framgangs Verk?
Eg tykkjer helst det er noko — reint ut — Herk."
Han ser seg ikring og undrast og spyrr:
„eg trur mest eg hadde det huglegare fyrr?
Denne Heimen min var meg visst vel so kjær,
daa eg bygde han etter den gamle Gjerd?"
Han hugsar Huldri med Song og Lur;
haa, haa, ho er kje so daud som de trur!
Han minnest Segnir og gamle Stev;
han dreg fram Krotsaum og Aaklæd’-Vev;
hugsar kva han kunde og enno kann;
det er kje so gløymt som du trur, min Mann!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>