- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Haugtussa ; I Helheim /
59

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Snøstorm.

Tungt dünar det ute og bryt og brakar
og myrknar med Tjukke og Kave.
Det gyv yvi Heidar, og Isar knakar,
og Tordyn rullar fraa Have.
Dei løyste Magtir um Jord seg trengjer,
og Stormen velter, og Frosten sprengjer,
og Leid og Led
vil drive ned,
og alle Vegar seg stengjer.

Og Vargane gøyr i dei høge Urdir
med Blodskum um blaanande Tenner;
og Nøkken i Os under Isen lurer;
fraa Grendine Naalugt han kjenner.
Og Havdraug bleik gjenom Roke luvar
og skrik i Stormen og hæ’r og huar
og lær so kaldt;
no fær han alt!
Med Lik seg Marstrandi bruar.

Og Himil og Heid og dei graae Knausar
gjeng saman i Gov og i Skodde.
Det ramlar i Berg og i høge Hausar;
det kckar um Baae og Odde.
Dei løyste Magtir vil Verdi øyde
og allting rive og allting snøyde;
og alt som kryr
seg saman tyr:
skal Live slokne og døye?

59

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1944/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free