Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Han Heilag-Per sit der i Andlite graa:
«kva er det — kva er det ho stirer so paa?
Ho ser noko! Hu, eg tek Fæla!»
«Aa Barne mitt arme, du tak’ det med Ro!
Me skal nok faa Føda vaar lel, baae tvo,
— skal so eg paa Bygdine stela!»
Men Veslemøy kvæser med kavande Munn:
«sjaa Draken — sjaa Draken — med Gap som ein Brunn
og Eldkam fraa Hovud til Halen ...
Aa Fader vaar ... Jesus ... som Djevelen batt...» —
— Han Bøne-Per triv etter Sylv-Stav og Hatt
og stuper paa Døri som galin.
Hjelpi.
Det er so vondt um Natti;
daa kjem dei Daudingar kalde
hit av den stengde Kyrkjegard
og ringar seg um henne alle.
Og fiktar og slær i Lufti
med Knokar og knytte Hendar
og gaper med glisande Kjakebein
og griner med grésne Tennar.
«Daudingbeine stal du ...
Daudingbeine naut du ...
Kaldt det er paa Kyrkjegard;
Daudefreden braut du ...»
Ho kavar i kjøvde Rædsla
og vrid seg og vondt seg ankar;
Gamlemor fær kje i Hjarta Fred
for alle dei myrke Tankar.
62
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>