- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Haugtussa ; I Helheim /
77

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han gjerne daa fortel um Skarebröte,
der upp han vaks, og som han ein Gong fær;
dei fire Kyr skal maklegt føde der,
naar han fær stelt det paa den rette Maate.
Kvart Orde hans ho trygt kan stole paa;
og alt ho spyrr um; alt ho vita maa.

So dreg dei rundt um Lid og logne Strendar
med snilde Smale og den kloke Ku;
og naar eit Bil dei kann seg trygge tru,
so tek den Fisk i Bekk med berre Hendar.
Den steikjer dei paa Glod som best dei rekk,
og tømer so den gode Nistesekk.

D’er gildt! — naar berre ikkje dette var,
at ingin av deim lenger fri og kyrr
den andre kann i Augo sjaa som fyrr; —
han og er brydd, som skulde vera Kar.
Naar berre ikkje dette eine skilde,
aa nei, so godt som daa det vera vilde!

Men upp det dreg; og døyvde Toremaal
i Bergi brumlar; snart vil Regne drive;
ved Gjætleberge snøgt dei maa seg live;
der under Heller er eit Livdahöl.
Det er kje stort; nett so det vel er vitjande.
Der inn dei kryler, og der vert dei sitjande.

Og som det lid til svale Kveldings Stund,
alt meir og meir i Lengt dei saman søkjer;
og braadt um Hals den unge Arm seg krøkjer,
og øre skjelv dei saman Munn mot Munn.
Alt svimrar burt. Og der i Kvelden varm
i heite Sæle søv ho i hans Arm.

77

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1944/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free