Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Trollmann med eit Ris.
Eg trollar i Haug dei leikande Smaa’
og klæd dei i Trælebroki;
naar ut dei kjem kann dei inkje sjaa;
eg batt deim for Augo med Boki.
Trollmann med ein Sekk.
Av Synd og Sorg er Sekken full
som tung meg tyngjer Herdi;
med Laas og Lekkje av Sylv og Gull,
eg trollbatt heile Verdi.
Armod vesal i Villa gjeng
og Sjæli or Skinne plagar;
Rikdom vrid seg i Puteseng
og rotnar av gode Dagar.
Trollmann med ei Svipu.
Eg vil rikje og eg vil raa,
og eg vil for alle tenkje;
der eg gjeng fyri skal alle gaa
sjølv vil eg i Brodden blenkje.
Trollmann med tvo Andlit.
Eg manar Elvi til stilt aa staa
og bind i Skuming Døgre;
eg vil baade fram og attende gaa
og baade til Vinstre og Høgre.
No stend mi Bygd som den stille Dam
med Rot og rare Dyr i;
ho sig ikkje att, ho vinn ikkje fram;
snart er ho berre Myri.
7 — Garborg VI.
97
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>