Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Veslemøy skjelv
i sviktande Kne:
«hjelp meg, Syster
— Systeri kved:
«Ver urædd; ikkje
dei kann deg naa;
dei hev den Magti
du læt deim faa.»
Farande kjem
med Gny og Glam
eit Hovdingfylgje
fraa Hernad fram.
Um Volva høge
dei tett seg hopar;
Kongen bleik
av Græe ropar:
«Volve høge,
paa Løyndom vis,
syn oss Vegen
til Paradis!
Fiend arge
me drap og øydde
og for vaar Magt
manneleg døydde;
vigde vart me
til Himilfred;
men denne Vegen
ber nord og ned!»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>