Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og skulde bori Sorgi fram, og Gleda,
og tolka Livsens Lov med Tone sann,
og alt som stengt og bundi Hjarto trengjer,
det skulde tala høgt paa mine Strengir.
Men alle mine sterke Kvad eg gøymde
og Livsens Méd og Maal og djupe Grunn.
Og Herrens Ord eg veik og vesall gløymde
og song til late Svevn med kjælin Munn.
Det Verdi var som Skaldehugen tøymde
og tamd meg køyrde um seg sjølv i Tunn.
Eg gløymde kveda og eg lærde stava,
og laga det som Mengdi vilde hava.
No gjeng eg einsleg her i Natti aude
og sliter vonlaus Langsemd utan Töl,
og kved for Audni tom og Viddir daude,
og ingin høyrer paa mitt Klagemaal.
Det verre er, enn um i Elden raude
eg laag og vreid meg som den nakne Aal.
Ja heller steikt paa Rist og glødde Røyrar,
enn svive kvadsprengd her forutan Høyrar!
I Verdi er eg gløymd, og ingin nemner
det Namn som ein Gong var so høgt i Rop.
Dei som eg undan trengde no seg hemner;
no er det dei som eig den store Hop.
No er det dei som fram mot Høgdi stemner,
og kvar dei kjem det Kviskring vert og Kop.
Eg magtlaus er. Og tomt min Klage tonar;
det spillte Kvad eg aldri uppatt sonar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>