- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Haugtussa ; I Helheim /
254

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Skinnvengje-Skap,
Eiter-Kinglar
tvist og stilt
i Skodda vinglar.

Likfugl flaksar
med blaae Vengjir;
olme Udyr
med Augo rengjer.

Det kraumar og kravlar
rundt i Ring
med ult Kryp
og ufysne Ting.

Der kulsar kruksne
dei dømde daude
og véd i Snøslaps
med Føtar raude.

Det renn og det driv;
det sutlar og skvalar.
For Veslemøy mildt
Systeri talar:

«Kaldt det er
der me gjeng inn no;
d’er Sjølvhugen hard
som iser so.

D’er Sjølvhugen hard
og hjartelaus,
som so her æveleg
frøyste og fraus.

tvist: tyst.

frøyse: faa til aa frjose.

254

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1944/0256.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free