Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
29 FERDABREV
som høyrer Huse til, og som kjem seint heim, kann
sjaa aa finne Lyklane sine. Desse er og utlagde i
denne Karmen. Meiningi er, at alle som vil inn, skal
stana der og finne kvar sin Lykill. Kom det ein og
gjekk beint upp, og ikkje stana ved Ruta til
Drengje-stogo, so skulde det vera ein mistenkjeleg Kar som
Drengen laut sjaa aa faa Greide paa. Men no hender
det, at me som bur her tek Lytcillen med oss naar
me gjeng ut um Kvelden. Det veit eg hev hendt
meg. Naar me kjem inn att tarv me daa ikkje stana
ved Ruta. Dermed veit Drengen at det godt kann
vera ein av Husens Folk, for di um han gjeng beint
upp; det vert daa ikkje stort av det med Ettersyne.
Vaktmannen, le concierge, bur i fyrste, eller som me
vilde segja: andre Høgdi, tett ved Troppi han med.
Han er den som hev Andsvare for Huse. Det brenn
Ljos i Stogo hans heile Natti; og der er Glasdør
mil-Iom den og Troppegangen, so han kunde sjaa alle som
kom eller gjekk, naar han var uppe. Men Vaktmannen
maa sova han au. Og i sjølve Vaktrome vil han ikkje
alltid kunna liggje; der er det kaldt og fullt av Trekk;
so ligg han i eit Rom innanfyri. Døri til det Rome
hev like eins Glasrutur. Men sjaa ut gjenom tvo
Glasdørir kven det kann vera som i ei Snøggvending
gjeng upp eller ned i ei myrk Tropp, det vil vera
raad-laust for kvar Mann, um han er aldri so vakin.
Det er Aaklæde paa alle Troppir, heilt upp i den
Høgdi der eg bur. Ingin høyrer den som gjeng. Og
um han vart høyrd, ja um dei saag Tjuven, so vilde
ingin skyna noko. Dei som bur i Huse kjenner kje
kvarandre. Naar som helst kann det dessutan vera
komin ein ny Leigar. Saag Tjuven ruskeleg ut, so
kunde det vera ein av deim som bur uppunder Take,
i sette Høgdi. Kva Slags Folk det er kann kje me
„Herrar" vita.
Vil ein ut att, so hev ein ikkje anna aa gjera enn
aa gaa Troppine ned, til dess ein kjem ut i Portrome.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>