- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
391

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

391 BREV UM FINNEFERDI 1905



ningi er han komin so langt at han brukar Rav-Ljos
(elektrisk).

Paa Var døy legg ein serskilt Merke til Festningen,
Vardøhus, som dei meiner er ifraa Gamletidi, so i
Grunnane daa. Framum Dormen, det Fjelle som er
Møtestaden aat Finne-Trollkjeringane, fer ein inn-yvi
til den siste norske Byen paa denne Leidi: Va ds øy;
den ligg ved Varangerfjorden. Mykje Kvæn er det
her. Og fast Eimbaatsferdsle hev Byen med Russen,
— næraste Grannen.

Inst i Fjorden, ved Russegrensa, ligg Sud-Varanger;
fraa Vadsøy bar det dit med oss. Upp den breide
Passvik-elvi siglde me so langt som komande var;
sidan fekk me Ro-skjuss. Det var Kvænar som rodde;
dei tala norskt provinsdanskt, — det Maale som me
„fornorskar" Finnane med, veit du. Seg imillom tala
dei kvænskt, og det klinga betre.

Daa Elvi vart so ugreid og strid at Ro-skjuss ikkje
heller dugde, tok me til Fots; det bar uppetter paa
Vestsida av Elvi. Det er Smaaskog her. Noko lenger
inn i Lande er han ikkje so smaa heller; i Trums Amt
og uppetter er det ikkje lite Skog.

Til Boris Gleb var det me stemnde. Der hev
Russen fast Fot paa den norske Sida av Elvi; og det
skal endaa ha hendt i den Tidi daa me hadde den
svenske Utanriksministaren til aa greide for oss. At
Russen maatte inn paa Norskesida her skulde koma
seg av, at det i eldre Tidir var sett upp eit russisk
Kapel her som var so heilagt at det ikkje lét seg flytja;
sidan hev dei elles rivi det ned og sett upp eit nytt.
Og Lutherdom tolde dette Kapelle ikkje nærare
inn-paa seg enn ei Mil; dermed laut Russen hava denne
norske Rutemili. Og so er der fraa gamalt eit godt
Laksefiske i Elvi her; det kunde ikkje Russen hava
noko imot. Og kven veit kva ei Mil Land i den norske
Finnmarki elles kann bli god til for det heilage
Russland? —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0399.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free