- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
19

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

var bleik, men roleg og mild. Bøndane saag paa han
og helsa, djupare enn vanleg. Prestkona og Ragna kom
ei Stund etterpaa; Hans og Eystein endaa noko seinare.

Jolepreika var eldfull og god. Han tala um
Engle-songen «Fred paa Jordi». Dei hadde sjeldan høyrt den
Gamle so gild. Men til Slutt kom det noko som vekte
ymis Undring.

«Kjære Kristne,» sagde han, «korleis er det i vaare
Dagar med Freden paa Jordi? — Aa, mine Brørar, me
veit det altfor vel. Freden er burte fraa oss; han er
kvorvin; vonde Magtir rører seg i Tidi. Djevelen er ute
og freistar paa nytt Lag Mannen til aa eta av
Kunnskapstrêe og rive seg laus ifraa Gud. Agta deg, agta
deg, kjærer Brôr! Agta deg for dei falske Profetar,
som forkynner eit nytt Evangelium og lovar deg
«Fridom» og «Upplysning» og alt godt, ja lovar deg
Gudeverd og Velde, naar du berre vil eta av det bannlyste
Tre! Dei gjev seg ut for Faar, men dei er innvertes
gløypande Ulvar. Dei lovar deg Fridom, men dei gjev
deg Trældom, Syndetrældomen som er den verste
Trældom av alle; dei lovar deg Sæld og Lykke, men dei stèl
deg burt fraa honom som aaleine eig Sæle og Fridom
for vaar arme Ætt. Dei lovar deg Tryggjing og Vernd
mot alt Hardstyre og all Ovmagt; men dei gjev deg
gladeleg i hans Magt, som er Fâr aat alt Hardstyre og
all Urett, han, som er Manntynaren ifraa Upphave.
Kjære Kristne! Lat oss vaka og beda! lat oss prøve
Aandine, um dei er ifraa Gud! Lat oss stengje Øyro og
Hjarto for dei falske Røystir og daarande Galdresongar,
som lyder til oss fraa alle dei myrke Djuv og Avgrunnar
i denne vonde Heimen! Lat oss ræddast for denne ville
og syndefulle Fridomshug, som fraa Adam av hev vori
den djupe og sanne Kjelda til all vaar Naud! Lat oss
beda um «Fred paa Jordi»; for daa fyrst kann òg vaar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free