- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
23

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ord, som tuktar og agar vaar vonde Natur og lærer oss
den store Kunsten aa bøygje oss, krossfeste
vaar eigin Vilje, og vyrde den Rett og Skikk som
Gud sjølv hev sett, baade i Kyrkja og i Borgarsamfunde.
Berre slepp litegrand paa den Taumen som Sanningi til
vaar Sæle hev lagt paa oss, og strakst ruser den gamle
Adam fram som eit villt Dyr; og han er sterk i oss alle,
ikkje berre i Husmennar og Smaafolk (Aasrud kremta);
og dermed vil Samfundslive løyse seg upp i Sjølvsykje
og Sjølvnytte og béllum omnium contra omnes, og i so
Maate hev baade Futen og Herr Aasrud Rett i, at daa
var det ute med Kulturen.»

«Bravo!» ropa Futen; «ja dei Teologane, dei kann
leggje det ut. Naa, Student?»

Balle heldt fram. «Eg veit nok, at her i desse Dagar
er mykje Tale um Kultur, um Humanitet, og dilikt, og
at den skal vera Grunnstoda for all Sæle paa Jordi.
Men lat deim prøve! Lat deim prøve!» Han saag
eggjande paa Hauk. «Kor hev dei det som skal aga den
vonde Naturen og lære Folk aa bøygje seg for ein streng
Moral, naar dei tek burt Kristindomen med dens høge
sedelege Mynster?»

«Ja, og so Helvite,» tok Hr. Flint i; — Balle Beit seg
i Lippa. «Eg er ein gamall Mann, ein Mann med Røynsle,
men det veit eg, at aldri skræmer du ein Kjeltring fraa
hans Kjeltringskap, utan at du brukar Helvite. Tukthus
— pøh! Slaveri — visvas! Øks og Blokk — hjelper
ikkje! Det einaste som hjelper, det er den gnislande,
gloande Elden. Den er dei rædde. Den vrid dei seg
fyri. Ha-ha-ha, rimelegt nok! — Men hadde me ikkje
den, so hjelpte det korkje Lov eller Laas; dei kom til
aa slaa oss ihel alle Mann og brenne oss upp med
Parafinolje, liksom dei gjer der ned i dette Fillehole,
det Paris; fy! — Ja De, Student, De hev vori i Paris,

23

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free