Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
etter aa faa gjort Mannen til Gud og Gud til ingenting,
— det er det Stræve, me vil ’halde nede’. Og eg vil
s jaa paa den kristne, som ikkje er med paa det.»
«Det vil eg med!» ropa Futen og dunka i Borde.
«Kristindomen hev alltid stadi paa den gode Sida; og
det maatte vera ein laak Kristmann som ikkje vilde
vera med paa aa tyne ned dette Herke som ligg her og
skrik og vil øydeleggje Kulturen og gjera seg sjølv til
baade Konge og Gud i denne fille Verdi, som jagu er
stusleg nok fyrr. — Er ikkje De kristin, Herr Hauk?
De, som er Son av Provsten? — Ja den Provsten, De!
det er vel noko til Mann! ein Aristokrat, De! og so
stød! Skaal for gamle Provsten Hauk!» — «Skaal!» —
«Hm — ja,» tok no Balle i, «eg vil ikkje spyrja Herr
Hauk, um han er kristin; for det er ei Samvitssak, som
Herr Hauk fær avgjera millom seg sjølv og Gud;–
men det maa eg segja, at etter det som Herr Hauk her
hev sagt, eller kanskje rettare — ikkje sagt, so kunde
ein nok koma til aa tru, at han ikkje er so varm i
sin Kristindom som det samer seg kvar kristin aa vera,
men daa i Vissa ein Teolog.» Balle augnefeste Hauk
skarpt under dette.
Hauk smilte. «Eg er vel alltid likso varm i min
Kristindom eg som... ja d propos, Fut! er De kristin ?»
«Eg —? hm»! Futen lagde Fingren paa Nosi og saag
djuptenkt ut. «Ja det er som ein tek det til, det. Hm!
— Ser De, Herr Hauk —: kristin og kristin, det er
mangeslags Ting, det; og det er mykje til Skil paa aa
vera kristin som Prest og aa vera kristin qua Fut.»
Her lo alle, tilmed Kapellanen.
«Ja ja!» ropa Flint, «men det er sant! Skulde ein
Fut taka Kristindomen paa same Maaten som ein Prest,
kor gjekk det daa med Skatten? — Nei, ser De; kvar
Skomakar skal vera ved sin Leist, og kvar Fant i sin
26
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>