Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Hans vilde gaa. «Ver heller inne,» sagde Balle. «Det
er stimt eg vilde tala um.» Hans sette seg. Presten
stirde uroleg paa Kapellanen.
«Hev de lagt Merke til Frøken Ragna i seinare Tid?»
tok Kapellanen i med stort Aalvor. Det var liksom
Presten vart endaa kvitare. ’Hev han og teki den
Tanken?’ sukka han. «Ho er hiigbrigd,» sagde Kapellanen.
«Finn De det?» spurde Presten. «Ja. Ho er uroleg;
ho bleiknar; ho gjeng som i Draumar. Ho var ikkje
soleis fyrr.»
Presten tagde. Han hev sét gløggare etter enn eg,
tenkte han, halvt i Mismod, halvt i Forundring. Balle
heldt fram: «um eg ikkje tek imist, so er dette
Um-skifte komi paa no nyleg?» Daa Presten tagde, vende
Kapellanen seg til Hans. «Herr Kapellan,» sagde denne,
«eg visste ikkje at D e høyrde til Huse.» «Grunnen til
at eg spør so fritt,» sagde Balle, «er ingin personleg.
Men det maa eg segja, at er det som eg tenkjer, so vilde
den Dagen daa. Herr Eksteolog Hauk steig inn her, vera
ein tvifald usæl Dag for denne Garden.» Kapellanen
saag strengt paa Hans.
«Hev De Grunnar for den Mistanken ?» spurde
Hans noko ustødt. «Veit De verkeleg ikkje det, at
han er Fritenkjar?» svara Balle hardt. «Nei,» sagde
Hans. «Daa er De saklaus — i so Maate. Men De
burde visst det.» — «Det var ikkje so godt aa vita,»
sagde Hans ustødt. «Hm,» sagde Kapellanen; «gjeng
han f. Eks. i Kyrkja?» — «Nei, det er sant; men —»
«Talar han anna enn vondt um oss Prestane?» —
«Sjeldan; men... Eg tenkte det kom seg av, at han
hadde liksom eit høgare Syn paa desse Ting...» «Ja
ser De, me skal agte oss for desse Folk som hev slikt
eit ’høgare Syn’,» sagde Kapellanen og drog paa
Munnen. «Kristindomen krev Einfald, den; dé skal vera
40
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>