Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
einaste Maaten aa faa Får hennar fraa Mistankane hans
paa, det var dersom han fekk vita den rette Forfattaren.
Trass alt sitt Stræv med aa vera roleg vart ho so
sprutende raud daa ho sagde dette, at Vikstad forstod heile
Samanhenge. Han smilte, saag paa den fagre unge
Gjenta og kunde ikkje segja nei. «Dessutan,» tenkte
han, «maa Søknaden min vera avgjord i
Stiftsdireksjonen no, so eg vaagar ikkje noko med det.» Han skreiv
paa ein Setel:
«Eg er Forfattaren av Breve i «Framgang» Nr. 2 um
Prestane og Politiken. _ , . , __.,
Gabriel Vikstad.»
Med den Setelen gjekk Ragna heim.
XII.
Ho kom inn til Får sin. Den gamle Presten saag
kjær-legt paa henne, og det kom liksom Taareglans i Augo
hans. Ho var veik og mild, men aalvorsam og
forunderleg fager. «Kjære Barne mitt, du hev havt det vondt,»
sagde Presten; «men no tenkjer eg mest du vinn yvi.»
Ho smilte saart. «Set deg, Ragna,» sagde den gamle;
«lat oss tala saman.»
Dei sette seg. Presten saag henne mildt inn-i Augo,
men saag der noko fast og avgjort som han ikkje fyrr
hadde sét. Det beit honom underleg i Bringa; «ho er
nok vaksi no,» tenkte han.
«Høyr Får,» tok Ragna i, «trur du enno at... Hauk
hev sagt usant?» — «Ja, stakkars Barn; eg trur det.
Ingin annan kunde skrivi paa den Maaten. Og kva bryr
vel slike Karar seg um ei Lygn? Den som er utan Gud,
han er og utan Andsvar.» — «Kjære Får ... denne
Gongen tek du i Miss likevel.» Presten sette Augo. «Tek
46
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>