Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Sorg og Saknad auka paa og saug for Bringa som ei
Sott.
«Du er so underleg i denne Tid, Hauk,» sagde
Kandidat Breide, som Hauk heldt for sin beste Vén. Og so
var det ikkje lengi fyrr Breide visste alt. «Seg meg no
Raad,» sagde Eystein.
«Ja,» svara Breide, «det skal eg. Eit Ord so godt
som tusund: dersom du ikkje ser deg Raad med aa
vinne yvi denne Elsken, so tak deg ein god, ladd Pistol;
set Pistolen rett inn millom Tennane; legg Peikefingren
paa Løysaren og drag til! For det er det einaste kloke
du daa kann gjera.»
«Ja-ja, ja-ja,» sukka Hauk.
«Du finn Vilkaari strenge? — Godt! Naar du kann
vera so galin at du fer av og huglegg ei kgl. norsk
Prestedotter, du som vil vera ein Framgangsmann, og
det ein heil ein, — so kann du ikkje vente deim likare.»
«Nei nei! du hev Rett! du hev Rett! det er det som
er Ulykka!» jamra Hauk med Andlite i Hendane.
«Ja; eg hev Rett,» meinte Breide. «Ein Mann i dette
Lande som ikkje hev den «rette Tru», han maa finne
seg i aa vera heimlaus. Han er utstøytt av Samfunde
og hev ikkje Rett til aa draga nokon med seg. Men aa
gifte seg med ei Prestedotter, det var aa draga heile
det trongsynte Samfunds Hat og Illske og Fordøming
og Inkvisisjon like inn i si eigi Stogu. Det var aa gjera
heile Live sitt til ein einaste skjerande Misklang. Alt
det du elska maatte h o hata og vera rædd; alt det ho
elska var for deg Lygn. Det vart eit Rike i Strid med
seg sjølv. Det vart Helvite.»
Hauk tagde eit Bil. So sagde han, liksom noko bljug:
«ho hev slik ei klaar, sterk Panne og slike sanne,
ærlege Augo. Eg hev stundom tenkt at det vilde
vera ein Velgjerning aa draga henne ut or den myrke
52
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>