- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
68

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fekk vita det etterpaa. Ho lika det ikkje, men gjekk
inn paa at ho ikkje skulde skrive, fyrr det kom Svar
paa dette Breve.

Svare kom og var stutt og kaldt. «De kann vel ikkje
i Aal vor tru, Herr Pastor,» stod der, «at eg læt meg
avkrevja Vitnemaal um mi Tru paa denne Maaten. Det
maa vera nok at eg stend i den lutherske Statskyrkja.
Um dei Vilkaari De set uppe, skal eg berre segja at eg
ikkje vil binde meg soleis paa Pyrihand. Dersom Ragna
elskar meg, so er ho mi; og daa er ho den einaste som
kann setja meg Vilkaar. Eg hadde — ærleg sagt —
venta Svar fraa henne fyrst; for eg tenkte ho var
sterk nok til aa avgjera ei slik Sak sjølv.» — Dette
Breve gjorde ikkje godt; og Hauk hadde halvt um halvt
sendt det i den Trui at no var alt ute. Presten freista
aa telja Ragna ifraa endaa ein Gong. Men alt han sagde
visste ho aa svara paa so klaart og fast, at han ingin
Veg kom. Han gav seg sistpaa yvi. «Du fær gjera som
du vil,» sagde han; «men min Vilje hev du ikkje, og
e g vil inkje Andsvar hava.» Ho leid grøteleg under
dette, men stod fast. Og ho fekk Hjelp av Mor si, som
saag kor hardt ho trong um Studnad i denne tunge
Striden.

Ho skreiv til Hauk: «Det var ikkje med min Vilje
at du fekk det Breve fraa Far. Eg er di, for eg kann
ikkje vera anna; um eg skulde lide alt vondt vil eg
fylgje deg. Eg kann ikkje setja upp Vilkaar; eg vilde
skjemmast av det, og det vilde ikkje nytte. Eg trur
paa deg; det er alt eg kann segja. Dei segjer for meg
at du er Fritenkjar. Um so er, vil eg beda for deg; og
det maa du tru, at den som elskar som eg, ho kann
beda. Eg gjer Far min svært imot med dette. Gud
forlate meg det; for eg kann ikkje anna. Men han held
meg i Grunnen ikkje lenger for Barn, og i dette kann

68

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free