- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
71

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

for’n nokon Gong. Det stend paa korleis det gjeng med
det andre. Men — dersom eg ein Gong ser eg kjem til
aa faa Bruk for teologisk Eksamen, — naa ja, so riv
eg’n fraa meg paa eit Aars Tid. Det lagar seg nok.»

«Hm; høyr, Eystein,» sagde Provsten. Du skal ikkje
rive fraa deg den teologiske Eksamen paa eit Aars Tid.
Du med dine Gaavur skal hava præ. For det fyrste
kann du daa koma frami Verdi. Og det hev ikkje
lite paa seg det. Hm?» — «Aa, det finst vel alltid det
som var verre aa vera enn Bisp,» meinte Eystein med
ein Smil. «Godt, godt!» sagde Provsten. «Og for det
andre so treng Kyrkja i vaar Tid dugande Mennar.
Uppløysningsmagtine reiser Rygg rundt ikring, i
Politik, i Teologi, i Vitskap, i alt; endaa her hjaa oss høyrer
me Røystir som kjem fram med nedrivande Tankar, ja
som tek paa sjølve Statskyrkja. Hm? Ja det er fælt.
Og Kyrkja hev ikkje mange Stormennar i denne Tid.
Dei er snart talde dei som ein kann segja lyfter seg
upp-yvi Tylvti. Difor trengst her einkvar ung, sterk
Mann, utbudd med stor Daning og Kunnskap, og med
Skrive- og Taalegaavur av høg Rang, ein som kann
tyne ned alt dette Satansherke, og samle Kyrkja i sin
gamle Stordom til eit fast Murverk mot desse
Avgrunds-magtir som ligg og bryt og kokar der ned i Folkedjupe.
Hm ? du forstend ? — Det vilde vera eit Arbeid som
kunde adle sin Mann. Det var noko for ein Idealist
som du! Hm?»

Hauk vart so tung um Hjarta ved slikt. Men han laut
halde seg. «Slikt Verk ligg langt yvi ein Manns Magt,»
sagde han. «E i n Manns Magt ?» ropa Provsten. «Nei
høyr, Gut. Just i e i n Mann er det, Krafti maa samlast,
just paa ein Mann er det, Verke maa bli lagt; aldri
vart eit Storverk gjort av ein Korporation, og aldri
vart Verdi reformera av ei Generalforsamling.»–

71

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free