Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Presten Vangen var ikkje med i Bryllaupe, til stor
Saknad for gamle Provsten. Det heittest at han var
sjuk, og det var ikkje so langt av Leidi heller. Men han
hadde sendt Provsten eit Brev som denne undrast mykje
paa. «Kann du skyna kva Mannen meiner?» spurde han
Son sin. «Han skriv so høgtidsfullt og løyndomslegt,
at eg forstend ikkje eit Ord; og ikkje er det likt til han
er glad heller!» — Eystein las Breve.
Det var fullt av Innpaatyding og Burtpaaleiking; den
gamle Presten hadde ikkje havt Mod eller Vilje til aa
segja sine Tankar ut; men han hadde daa gjengi so
langt som han kunde. «Aa pytt,» sagde Eystein til Far
sin; «det er berre denne galne Kapellanen dernede som
gjer Presten ør. Han er rædd meg i Politiken, ser du!
— for du veit at Vangen hev vorti svært konservativ
i denne Tidi.» «Aa er det det!» sagde Provsten. «Men
Herre Gud, er ikkje eg likso konservativ som han?» —
«Hm —- ja, Vangen er ikkje berre konservativ; han er
Bakstrævar.» — «So. Hm; i gamle Dagar var han meir
frilyndt enn baade eg og dei fleste.» — «Dess stridare
Bakstrævar er han no.» — «Hm, forunderlegt!»
Provsten riste paa Hovude og lika seg ikkje. «Du hev no
vori uvyrdin og, stundom,» sagde han til Son sin. «Berre
du ikkje alt er gjengin for langt!» «Aa, det greider
seg nok,» meinte Eystein. «Ja ja; me fær tru at Ragna
fær Skikk paa deg,» sagde Provsten. «Kjeringane vaare
plar vera gode Dyretemjarar!» Eystein lo.
Mor aat Ragna hadde og ei slik Samtale med
Brudgomen. «Du maa ikkje undrast paa Vangen,» sagde ho.
«Balle hev innbilt honom at du er... at du hev... at
du er av dei som fornegtar... og det er d e t som hev
gjort honom so uroleg og hjartetyngd. Men det er vel
berre eit Paafund av Balle?» — Hauk vreid paa seg.
«Balle held alle for Fritenkjarar som ikkje trur paa det
76
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>