Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
baade henne og oss andre. Ragna kunde ikkje lenger
tala stort med Bror sin; og ho laut Gong paa Gong
segja seg sjølv, at det han for med var som Bos og
Barnemat mot Hauks klaare um enn kalde Tankar.
Det var etter kvart komi so langt, at Ragna i sine
eigne stille Tankar vedgjekk, at Far hennar hadde havt
Rett, daa han spaadde henne tunge Dagar saman med
Hauk; og endaa vilde ho ikkje for alt i Verdi ynskje
Valet sitt umgjort. Det som var imillom deim var ei
so stor Sak, at det drog til likso vel som det skilde;
dei livde som i ein dagleg Strid med aa vinne
kvarandre, og denne Striden heldt Kjærleiken ung. Eystein
og Ragna var i rette Røyndi eit lykkelegt Par, alt um
dei — som alle lykkelege — ikkje rett visste det sjølve.
XIX.
Hauk skreiv i Blade og studera Samfundsvitskap.
Mange av Stykki hans vart haldne for meistarleg gode;
andre totte Folk var hosta radikale. Men dei hardaste
Stykki han skreiv sette han ikkje Namn under, berre
eit Merke «R. & S.», som skulde tyde «Rett og Sanning»,
og som berre dei beste Venine hans hadde Greie paa.
Desse Stykki av «R. & S.» vart ofte paatekne av
konservative Blad og nytta til Prov paa at «Framgang»
var eit ukristelegt Rotrivarblad, som inkje Folk burde
lesa.
Hauk fekk fleire Skuringar av Far sin for Skuld
Arbeide hans i «Framgang». «Eg hev ikkje Vit paa,»
skreiv Provsten, «at du kann halde paa og skrive i slikt
eit Blad. Du hev daa so mykje Vit at du ser kva Leid
det Blade stemner, og du hev vel so mykje Samvit og,
at du ikkje i Grunnen vil vera med og hjelpe fram eit
82
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>