Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det sleit av ei Viku til. Haug saag at Ragna leid
vondt; og det vart verre og verre aa vaage ei Uppgjerd.
«Dersom det endaa berre var D a a p e n!» tenkte han.
«Daapen er ein tom Skikk og ingin Trolldom. Men vert
Guten døypt, so skal han hava Fostring der etter;
Kyrkja riv honom fraa meg; for meg vert han
framand; meg vil han lære aa sjaa paa som ein Antikrist
og eit Djevelsting. Og Lygni og Skrymtarskapen vil eta
seg inn i Sjæl og Tanke hjaa honom til han er øydelagd;
dei vil leggje seg serleg um aa synkverve og
tanke-binde honom, fordi han er Son aat Fritenkjaren. — Men
so var det Ragna. Ragna leid vondt; for henne var
Guten eit Djevelsbarn vigt til Domen, so lengi han ikkje
var døypt! Hauk herde ikkje aa sjaa paa henne; han
heldt seg fraa Huse so mykje han kunde. Ragna saag
kor som til stod; og tidt og ofte sat ho bøygd yvi Vogga
og grét.
Ein Dag var Guten ikkje frisk. Det hadde inginting
paa seg, men likevel sveiv det henne som eit vondt
Hugbod: enn um han døydde i Natt? — Denne Tanken
skræmde henne so upp, at ho sette seg fyri aa tala til
Hauk strakst, anten so det skulde bera eller breste.
Her galdt det meir enn baade Lykke og Liv.
Same Dagen, ved Middagsborde, kom ho med det.
Hauk vreid seg, men var likevel glad for at Stundi
endeleg var komi.
Han sat og tenkte ei Stund; so sagde han: «fyrr eg
kann svara deg paa det du her spyrr um, maa eg vita
ein Ting. Trur du eg hev Samvit, Ragna ?»
Spursmaale kom so braadt og so aalvorsamt, at ho
stokk av det. «Ja det maa eg vel tru?» sagde ho.
«Trur du daa, at det finst Ting som eg for mitt
Samvit ikkje kann gjera? Eller trur du, at naar eg
ikkje trur som du trur, so er eg ein morallaus Mann,
86
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>