Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Eg kann ikkje velja noko av deim!» jamra Ragna
i Vonløyse.
Presten sat og tenkte. So stod han upp. «Eg vil tala
med Herr Hauk,» sagde han. «Aa Takk, daa gjorde De
vel!» svara Ragna; det var i Grunnen det ho hadde
ynskt. Presten gjekk.
Sidan hadde han ei lang Samtale med Hauk. Denne
lika ikkje at Ragna hadde søkt Raad mot honom hjaa
Presten; han var kald og kvass og sagde mange harde
Ting. «Kristindomen er utlivd,» sagde han mill. a., «og
ligg no og tyngjer paa Ætti som eit uhorvelegt Lik.
Prestane vaare er Haruspeksar, og Trui gjeng upp i
Politik og Matstræv. Og til all denne Lygni skulde eg
selja min fagre Gut? Nei, Prest! Det vilde vera meg
likso fælt som aa selja honom til Slavehandlarer eller til
Komediantar.» Presten svara ikkje noko til dette; han
saag at Mannen var hugsprengd og upprivin. Han
nemnde honom berre dei same Vilkaari som han hadde
nemnt for Ragna. «Ja ja!» sagde Hauk. «Vil ikkje
Ragna vera med paa det som eg hev nemnt, so fær me
skiljast. Heller tusund Milir herifraa enn gaa og sjaa
paa at Guten aandeleg vert tekin fraa meg; heller ingin
Son hava enn ein som i sitt Hjarta bannar meg.» Han
reiste seg hugsprengd og harm og gjekk.
Daa han kom heim, saag Ragna at han var som
burt-bytt. Ho vart so rædd ho torde ikkje spyrja. Endeleg
sagde Hauk: «Du vil ikkje vera med paa det som eg
tala um her sist, høyrer eg?» Ragna saag upp med
Aasyne so full av Sorg og Sut at det skar honom i
Bringa. «Um Guten døydde i Natt?» kviskra ho og
kom i Graat. Hauk bleikna. «Døydde? Er han sjuk?»
— «Just ikkje det... men det kunde so snart hende.»
Hauk var upprørd og skræmd. «Vert Guten sjuk, so
gakk til Doktaren og ikkje til Presten,» sagde han.
91
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>