- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
107

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Klokkaren med blidare Aasyn, «han tok seg godt upp.
Og no er han nett i desse Dagar vigd til Prest. Han
kjem til aa gjera godt att det Far hans gjorde ille; for
alle segjer han er ein makalaus Mann og ein utvald
Guds Reidskap.»

No seig Soli. Den gamle Mannen stod upp. «Takk,»
sagde han med ristande Mæle; — «og no kann du helse
den unge Presten fraa Far hans. Godnatt!»

Klokkaren stod som fjetra. Gamle Eystein Hauk for
fraa Bygdi same Kvelden.

XXVII.

«Det er det eg hev vunni,» tenkte Hauk, «med aa
vera tru mot meg sjølv.

«Heile Live spillt; mi Livsglede øydd og mitt
Livs-arbeid med; og eg sjølv og fleire med meg; og Son min
— heilt bundin av den Magti eg vigde meg til Strid mot.

«Eg var for stiv i Prinsipe; eg var doktrinær. Eg
skulde fari varare og sløgare; eg skulde vori ’praktisk’.
Guten kunde fengi Daap. Alt kunde vori greidt og godt;
og eg hadde havt baade Livslykka mi og fritt Tilhøve
til aa arbeide for mine Tankar.–

«Lygn? Aa ja. All Klokskap er Lygn. Alle Folk lyg.
Her er ikkje Raad med det. Samfunde ligg i Raaskap;
Samfunde fær taka Skuldi.

«Her i Lande er Tanken fri, fri som Fuglen; men ein
maa alltid passe paa at ein kjem just til dei Endemaal
som paa Fyrihand er uppsette som dei einaste rette og
sanne. ’Du skal ha din frie Vilje, Dotter mi; men
Fanden hakke meg skal du kje bli Madam Østmo!’ —
Tanken er fri, ja; men dersom ein kjem til andre
Endemaal enn dei som er uppsette, so er ein utlæg; — og
utlæg Mann bergar seg som han kann.»

107

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free