Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
totte det var han!» — «Hm; minn meg ikkje um dei
Ting. Provsten Hauk vilde ikkje vera Far min i dei
seinare Tidir... Endaa hev eg no vori uppe og set um
Gravi hans og bedi honom gløyme. Han var ein god
Mann, den gamle; eg bér tung Sorg for hans Skuld.
Men til deg er eg komin og vil minnast mine gode
Dagar.»
«Arme, kjære Far,» sagde Presten med Graat i Augo
og tok baae Hendane hans, «so vil eg takke deg for du
kom hit; og lat meg no faa freiste um eg enno med Guds
Hjelp kunde gjeva deg nokre gode Dagar her paa Jordi!
— Bestefar min lærde meg aa ynke deg, men Mor mi
lærde meg elske deg... og eg vil takke Gud, dersom eg
no kann faa bera fram til deg eit lite Grand av den
uendelege Kjærleiken som ho i all si Sorg og Sut bar
til deg, du arme villfarande Mann!» — «Tala, tala,»
bad den gamle; «du talar so likt henne.» — Den gamle
grét, og den unge grét med... «Takk at du kom heim att
fraa den ville Verdi, heim til dine gamle Minne og til
din einaste Heim. Du kjem, ikkje som den fortapte
Sonen heim til Far sin, men som ein fortapt Far heim
til Son din; og maatte eg so sant faa Naade til aa taka
imot deg so, at du kom til aa kjenne deg i Sanning
heime!»
Den gamle lagde seg i Sons sine Armar, og dei heldt
kvarandre lengi i Famn. «Ja, ja, her vil eg kvile,» sagde
Gamlen. «Eg kann ikkje vera her lengi; men eg vil
vera hjaa deg og kvile ut, til dess eg paa nytt skal paa
Langferd.» «Lat oss ikkje tala um det,» sagde Presten;
«dersom du finn deg her, so vonar eg visst at du slær
deg til Ro.» Han leidde Far sin til Sofaen og lét honom
setja seg. «Nei, nei,» sagde gamle Hauk; «hjaa ein
Prest kann eg ikkje liva mine siste Dagar.»
Det gjekk som ein Styng gjenom den unge. «Hev du
109
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>