- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
112

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Av laak ætt.

Alvhild fraa Dale var den fagraste i den Bygdi.

Ho hadde eit Andlit so godt og mildt. Munnen smilte
noko mykje, men var frisk; og Augo var klaare og
sterke og trufaste. Einberne var ho og av godt Folk; og
alle tala vel um henne. «Den som fær Alvhild slepp aa
trega Gifta si,» meinte dei gamle.

Det same meinte dei unge; og meir enn ein av deim
gjekk med urolege Tankar for hennar Skuld. Men Bjørn
Haugstad rekna seg paa ein Maate for den som skulde
hava Retten paa henne. Han hadde vori glad i henne
fraa dei gjekk for Presten; og um ingin Ting var sagt
eller avgjort deim imillom, so hadde dei sidan vori
kjende. Men Bjørn kunde ikkje tru so trygt paa henne
som han gjerne vilde; han tottest merke rett som det
var, at Alvhild saag likso blidt til andre som til honom;
og daa vart han mistruin og leid. Ho hev altfor godt
Hjarta, tenkte Bjørn Haugstad.

Elles var det ikkje mange som vaaga aa bjode seg
fram. Ingin kunde segja for visst kven det var ho bar
i Hugen; og ingin vilde gjerne hava nei. Det med Bjørn
Haugstad trudde ikkje mange paa. Daa skulde Knut
Aasen hava betre Vonir. Han var Son av Ordføraren i
Bygdi og hadde ein stor Gard i Vente; var ög sjølv ein
ven Gut. Men han vaaga seg ikkje til, han heller.
Gutane hadde fengi ein Støkk i seg fraa den Tidi daa Olav

112

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free