Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
like aa freiste»; han saag seg ikring etter ei til aa danse
med. Men dei han saag paa snudde seg ifraa han. Og
Karane lo.
Leiv kjende eit Sinne koke upp i seg som kunde taka
Sans og Vit, um det fekk Magti. Men han tøymde seg.
Han steig burt-til ei av Gjentom i Flokken og baud
henne ein Dans; «nei elles Takk,» svara ho. Leiv beit
ihop Tennane, treiv etter den som stod nærast; ho reiv
seg ifraa han reint rædd. No sansa ikkje Leiv lenger.
Det gjekk Skodd for Augo; det susa um Øyro; han
treiv i Flokken etter ei til; — jau; ho kom.
Spile-mannen strauk upp; Leiv dansa fram som ein ør Mann;
Stogo skalv under Foten hans; han gjorde Kast mot
Bjelkan so Kvinnfolki skreik; ingin hadde sét slik
Dans. Men daa Leiken lykta saag han, at Gjenta han
hadde dansa med var Alvhild fraa Dale.
I denne Stundi var Alvhild so fager, at Leiv aldri
hadde drøymt um noko slikt. Varm og ung stod ho der
med Barmen byljande so Sylgjune skalv paa det kvite
Lin; Kinni blømde, Augo glødde; ho saag uppaa han so
dragande vent at han kjende som ein Solstraum
inn-yvi seg. Han tok henne i Handi so ho skalv: «Takk
for Dansen, Alvhild!» og Augnebragdi hans i den Stundi
gløymde ho aldri.
Han var ute i same Blinken, ør, tumlin, fraa seg, men
endaa so sæl; flaug til Skogs i den svale Kvelding;
Alvhild stod for han kvar han gjekk. Det anda gjenom
Skogen av ung Vaar; Bekkjesikl gjekk og Kviskring
fraa Gran og fraa Bjørk; ytst ute yvi Fjelli drog
Himi-len seg yvi med sylvgraatt Flor; Leiv gjekk og livde og
drøymde som inne i eit Æventyr. Han høyrde Om som
av Huldreleik og Fossegrimspél, og han vilde ikkje
undrast det Grand, um Stein og Tre og all Ting tok til
aa tala.
119
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>