Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
eg vert baade gjæv og gild... og gjeng det daa i andre
Maatar som eg ynskjer, so sit eg sidan paa Garden min
jamgod med dei beste i Bygdi.»
Alvhild var so glad, ho kjende kje til seg. Det var
makalaust godt paafunni av Leiv, dette. No turvte ho
ikkje ræddast korkje Bygdedrøse eller dei gamle. Ingin
visste um nokon Ting fyrr han kom heim att; og daa
kom han so, at ho fekk han med Ære og alt godt Folks
Samtykke. «Det er godt ut-tenkt, dette,» sa ho, men
vart med det same so bljug, at ho snudde seg halvt
ifraa han og lagde all Umtanke paa Stræve med
Hatle-blokka.
Leiv kom reint ut-av det ved denne store Ros; han
tok upp-att det same, men kunde ikkje koma innpaa
det han vilde segja; Alvhild laut freiste aa hjelpe ’n:
«kor lengi vert du verande i Amerika? — «Aa, um so
ei tri—fire Aar er eg so tilkomin Kar at... daa kann
eg taka imot Garden; og daa kjem eg... so sant som
det gjeng som eg vil med ein Ting. Men paa den eine
Tingen stend det alt.» No kjem det, tenkte Alvhild;
Skjelten tok henne paa nytt. Ho freista aa vende
Samtala; men Leiv saup djupt etter Anden; no hadde han
funni sin Veg: «den som det stend paa alt,» sagde han,
«det er du, Alvhild.»
Bringa hennar gjekk, so ho fekk ikkje upp Mæle;
Leiv heldt fram, snøgt som det galdt aa verja seg mot
Mistyding: «det var det eg maatte segja deg i Kveld.
Etter den Dansen paa Haugstad fær eg ikkje Fred; du
kjem for meg i alt, so no gjeng eg her og raader knapt
med meg. Men... no skal du ikkje undrast, men...
naar eg kjem heim att fra Amerika um fire Aar, so...
so er vel du gift ? — «Nei» ... «Eller fest ?» spurde
Leiv med tilgjord Ro. «Nei,» kviskra Alvhild; ho fekk
ikkje Mæle upp. «Gud velsigne deg, Gjente, kann du
124
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>