- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
129

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjev det var so vel! sukka Asbjørn. Gjev Hegglidguten
vart rik nok aat Dalekaksen! — men det skal mykje til.
Breve stakk han til Alvhild med Kyrkja; og han saag
ho vart glad; gjev ho heldt ut! Sundagen etter fekk
han Breve att; inni laag ein litin Setel «Til Velagte
Ungkarl Leiv Asbjørnson Hegglid i Amerika.» Sidan
gjekk det fleire Smaabrev dei unge imillom, og Asbjørn
stelte det so fint at ingin tok Mistanke.

Alvhild var underleg i Lag. Ho fekk aldri sine
Tankar fraa Leiv; denne Elsken batt henne som ein
Trolldom. Men sümetidir kjende ho seg tyngd meir enn glad.
Med hin Ungdomen kom ho mindre saman enn fyrr; det
var ikkje so hugnadsamt millom deim heller no, totte
ho. Folk undrast paa dette. Men den rette Grunnen
kunde ingin koma paa. At ho var for god Manns Dotter
til aa tenkje paa ein som Leiv, det visste alt Folk. —

— Eit noko Bil etter at Leiv var utreist, fekk Alvhild
Friarbrev fraa Bjørn Haugstad. Han hadde merkt at ho
var annarleis mot han no enn fyrr; og vilde vita koss
det hadde seg. Han meinte paa, at ho hadde ikkje alltid
vori so framand som ho no var; og ho skulde vita at
ho gjorde stor Synd, var det so at han ikkje kunde tru
paa henne. Alvhild svara so vent som ho kunde, men
bad han slaa dette fraa seg; ho hadde aldri tenkt paa
slikt, ho. «Det er fleire Gjentur enn eg,» skreiv ho;
ver ikkje vond paa meg, men gløym meg.»

Knut Aase drygde, han. Men kunde han faa Høve
til aa segja henne eit godt Ord, so heldt han seg framme.
Med slike laut ein gjeva Töl, meinte Knut; «dei hev det
godt som dei hev det, og vil gjerne vera frie i det
lengste.» —

— Ut paa Hausten fekk Asbjørn eit nytt Brev fraa
Son sin. Leiv fortalde at han arbeidde hardt, og at han
ikkje hadde visst kva Arbeid var fyrr han kom hit;

129

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free