- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
131

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hans kvitna; Ryggen bøygde seg; «han saknar vel Son
sin,» sa Folk; dei tok liksom til aa tykkje Synd i den
gamle einslege Mannen. Sjølv gjekk han i tunge
Tankar; var det Ættesyndi som no skulde koma attum?
Bestefar hadde vori for glad i Mammon; skulde
Sonesonen lide det det, og det um han var aldri so uskyldig?
— Han gjekk reint tyngd av desse Tankane, Asbjørn
Hegglid. Dei Pengane som han og Far hans hadde
freista aa klore til seg med meir eller mindre Urett,
var det dei som no strauk? Og Straffi skulde falle paa
den saklause? og der som ho i det heile maatte falle
tyngst? —

Med Alvhild vilde han tala; men det kunde aldri bera
til. Ho var vandare aa raaka no i det seinste, totte

Asbjørn, korleis no dette kunde hava seg. —

*



— — Knut Aasen gjorde seg Ærend til Dale rett
som det var. Og so vel fagna dei gamle han, at han
fekk Mod til aa koma att, endaa Alvhild ikkje syntest
bry seg noko um dette.

Daa Aare var gjengi, tenkte ho elles mindre paa Leiv
enn fyrr. Hugen var ikkje so heit; ho kjende seg
lettare og friare. Og ho vedgjekk det for seg sjølv: det
var underlegt at ho skulde koma til aa taka ein
ætt-laus Gut, ho, beste Gjenta i Bygdi. Det var vel at ingin
visste det enno; elles skulde det vorti Drøs! Ho gav
seg meir i Lag med Ungdomen att; og ho kunde vera
lettliva som fyrr mest.

Knut Aasen gjorde ikkje lite til dette. Han var ein
kvik, livmykin Gut, lentug i Ord og rett ven; ikkje stor
og sterk som Leiv, men lidug og snaal og ferm og frisk,
og ein framifraa Dansar. Alvhild hadde lika han godt
fyrr ei Tid; no var det mest som ei Kvild aa vera i Lag

131

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free