- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
133

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det ut eit Ord um at han hadde vori uheppin og mist
Pengar, so det var paa Voni naar han kom heim. Folk
flirde aat dette. Leiv kunde seti heime, meinte dei. Det
vart nok att etter Svarte-Asbjørn, so sant daa Leiv
ikkje vilde bli Bygdekakse reint. Alvhild kjende som
ein Lette daa ho skyna ho fekk Avdrygsle; mangt
kunde snu seg enno. Og ho vart blidare mot Knut enn
fyrr; det galdt aa narre Folk paa Villstraa til so lengi.
Og Folk tok til aa tala um Alvhild og Knut. Dei høvde
godt, desse tvo; der var Ætt og Magt paa baae Sidur.
Alle hadde venta dette i Grunnen; Alvhild var fulla
Gjente som visste aa velja aat seg.

Foreldri var og vel nøgde. Og daa alle fann det
sjølvsagt, vart det meir og meir rimelegt for Alvhild med.
Paa Leiv tenkte ho med Uro naar ho var aaleine, med
Uhüg naar ho var i Lag; gløyme vilde vera det likaste.
Ho hadde vori ør. Elsken hadde gjort henne blind,
forgjort henne. Best var det hjaa Knut; han tok Tankane
fraa henne. Men um Nætane vakna ho ofte av urolege
Draumar, og stundom i Graat; det var Leiv ho hadde
drøymt um. Daa tenkte ho: svike vil eg ikkje; eg vil
berre bie og sjaa; det hender so mangt utenkt. So skaut
ho Tankane fraa seg.

Men Folk rødde um henne og Knut plent som alt var
visst. Ein Gong slog Knut innpaa um dette, liksom paa
Skjemt; spurde koss ho lika desse Drøsune. Ho raudna
og fann ikkje Svar. Daa vaaga Knut seg noko lenger,
so ho skyna det var Aalvor. Men daa vart ho rædd.
Leiv kom for henne so sterkt, at ho liksom saag hans
bleike Aasyn og hans sterke Augo. «Lat oss ikkje tala
um det,» bad ho. «Nei, nei,» sagde Knut; «d’er noko
som ikkje hastar; ein skal tenkje seg vel um med so
store Ting. Og tenkje paa det kunde du?» Ho stod og
vreid sine Hendar; ja, ja; tenkje paa det...

9 — Garborg VII.

133

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0135.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free