- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
142

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

du er sterk Kar, og du skal ikkje taka det for tungt.
Og du skal koma, kann du.» —

Han las Breve. Las det upp-att; las det Gong etter
Gong. Heile Dagen sidan gjekk han mest som han var
fraa Samlingi. Men det var som han kom seg att. Dagen
etter var han som vanleg. Berre noko stusleg aa sjaa
til. Knapt heiltupp frisk. Han tok stundom altfor hardt
i, denne Mr. Hegglid.

Snart kom den Dagen daa Husbond skulde ut paa si
Vinterferd; han tok til aa eldast no, og søkte gjerne
til Sol-Landi. For Gardsstyre var han trygg, naar han
hadde Mr. Hegglid.

Men daa Husbond var godt og vel burte, — det kom
ein Morgon daa dei sakna Mr. Hegglid med. Gardsfolke
tok til aa leite; Mr. Hegglid hadde stundom vori noko
rar i det seinste; kunde noko vera hendt?

Det vart leita baade lengi og vel; men Mr. Hegglid
var ikkje aa finne. Og rett som det var kom det upp,
at Pengeskuffa var tom ...

*



Alvhild hadde ingin rett glad Dag etter ho hadde fest
seg til Knut; i same Stundi det var avgjort kjende ho,
at dette kom ho visst til aa trega.

Det var som Elsken til Leiv kveiktest upp-att; ho
tenkte meir paa honom enn paa Knut. Ho saag han som
han gjekk der burte i Amerika og sleit og stræva for
hennar Skuld og trudde paa henne; mang ein Kveld grét
ho seg i Svevn; mang ei Natt fekk ho ikkje Fred for
urolege Draumar.

Naar ho saag, kor glade Foreldri var med at ho tok
Knut, og kor glad Knut var i henne, so letta det att;
og ho kunde gløyme det andre for ei Stund. I Lag med
Bygdefolk kunde ho kjenne seg glad; for no hadde ingin
noko aa segja. Og um Samvite var urolegt, trøysta ho

142

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free