Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
eg hev høyrt Ymt um eit og anna og; men eg tenkjer no
ikkje det er so faarlegt? Eg kjenner til slikt. Dei gjev
seg, naar dei kjem for Altare. Dei kann vera so harde
dei vil, so mjuknar dei der. Dei tek berre til Graaten;
og sidan gjeng alt i Gløyme.» «Det er det same,» sagde
Tarald; «men dersom Dotter mi finn paa noko gali i
Dag, so lætst du som du ikkje høyrer og vigjer like godt!
— Lova meg det; du skal ikkje trega det.» «Aa ja; du
er ein bra Mann, Tarald... og Dotter di, ser du...
ja-ja; eg hev aldri set ei Gjente syrgje mange Dagane
naar ho fyrst var gift. Dei er liksom Ungane: ute av
Syn, ute av Sinn. Eg skal gjera som du segjer, Tarald,
um noko skulde koma paa; og so veit eg du kjem meg
i Hug sidan.» «Det skal eg,» svara Tarald og gav
Presten Handi.
So kom dei til Kyrkja. Presten heldt ei lang Tale;
det gjekk mest ut um, at me skulde tukte og krossfeste
vaar eigin Vilje, og at ein kunde vera stød paa at den
ein fyrst kom til Altare med, den vilde Vaarherre ein
skulde hava. Og det var stor Synd aa setja seg imot
Guds Vilje. Det kunde hende at ein i sitt eigi blinde
Hjarta kunde innbille seg at det var betre aa faa
einkvan annan; men slikt var Kjøte og Satan, og dei maatte
ein agte seg vel for aa lyde paa; fylgde ein deim, bar
det til Helvite. Tarald totte det var ei makalaus Tale;
og det same totte Paal. Men Bergljot høyrde ikkje so
mykje paa det. Ho stod og skalv som ho skulde vori sjuk.
Presten tok til med Vigjingi. Det gjekk godt med han
Paal. Men daa Presten kom til Bergljot, gjekk det meir
ymist. Ho sette i med eit Nei so høgt og kvasst at alle
maatte høyre det. Presten vart ustød og skjegla
nedetter Kyrkja; men der stod Tarald og stirde paa han
so hardt og fast, at han fekk Mod att og heldt paa som
inkje var.
152
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>