Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
saag at han vart meir sturin enn fyrr; men ho trudde
det kom av Bygdesnakke. Ho gjorde alt det ho kunde
til aa faa han glad; men han vart ikkje som fyrr; og
det var ho leid fyri. «Kor kann du no bry deg so mykje
um slikt?» sagde ho; «eg som er Kvinnfolk bryr meg
ikkje det Slag um det!» Det gjorde ikkje Baard heller,
sagde han. Men det som var Sanningi kunde han ikkje
segja.
Um Signe høyrde han, at ho gjekk reint sjuk for hans
Skuld. Det gjekk innpaa han, dette; og han kunde ikkje
anna enn tykkje gildt i ei Gjente som elska han so varmt
og trufast, og likevel so stilt og utan Krav.
*
I Futegarden visste alle um det som var millom Baard
og Gunhild, so nær som Futen sjølv. Til honom torde
ingin segja det; og faae var det vel og som brydde seg
um. Ein Ting lagde Futen Merke til; og det var at
Gunhild i seinare Tid vart meir stillfarande av seg.
Han gjorde seg sine eigne Tankar um dette; ho gjekk
her so aaleine; det var vel det. Ein Dag utpaa
Vaar-kanten gjorde han ei Byferd. Og daa han kom att,
hadde han med seg ein ung fin Kar som han kalla Herr
Jørgen, og som han sagde var Adelsmann. Kannhende
det vil hjelpe, tenkte Futen.
Og det hjelpte paa ein Maate. Gunhild hadde Moro
av denne Karen; han var so ulik dei andre Gutane ho
var van med aa sjaa; og so tala han so rart. Det var
halvt Tysk; og han kom titt med Ord som lyddest reint
ravgalne. Gunhild lo ofte aat han; og det var ikkje
fritt ho totte han var ein Tulling. Elles var han rett
vakker, med svart Haar og stort svart Skjegg; Andlite
hadde eit framandt men fint Lag; og han hadde ein
stor krum Nase mest som ein Hauke- eller Ørne-Nebb.
168
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0170.html