Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Gunhild hadde aldri kjent Ord som hadde havt slik
Magt; dei skar inn i henne som Styngir; dei mergstal
baade Mod og Megn. Ho bøygde seg og bad. «Ver ikkje
streng! Eg elskar ein annan...» Futen trappa i Golve.
«Vil du innbille meg Æventyr? Kven hev her vori som
du kunde verte kjend med? Vil du gifte deg med ein
Bonde kannhende?»
I denne Stundi forstod Gunhild det ho aldri fyrr hadde
tenkt paa: at Baard Nes var Bonde. Han var ikkje
som andre Bøndar; han var ein Stormann millom
Bøn-dar; men han var endaa Bonde. Og so som Futen sagde
dette Orde, vart det so svivyrdelegt at ho heitna av
Skam. Ein Bonde! Ein Bonde hadde ho elska, elska
utan Vit... Ho gøymde Andlite og kjende seg
helpe-laus. Futen sagde ikkje meir um dette; men han lagde
stutt til, at no kunde ho tenkje seg um til i Morgo;
dermed gjekk han. Gunhild stod etter aaleine. So reint
forunderleg aaleine som ho aldri hadde kjent seg fyrr.
Ho stod og lydde og lydde etter Far sin der han gjekk,
og totte at med honom gjekk alt som til no hadde vori
hennar Liv og Framvon, alt som ho brydde seg um.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>