- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
176

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

haast og stygt. «Er du med Barn?» — «Ja,» kviskra
Gunhild. No rette Futen seg upp og sleppte Take i
Dørkarmen. «Kven er Far aat det Barne?» spurde han.
Ho drog etter Anden; svelgde og svelgde paa Rædsla
som vilde upp; no kom det verste. «Er det ein Bonde?»
spurde Futen med isande Mæle. «Ja» ...

–Ho sat og venta paa alt vondt. Men den gamle

tagde. Sistpaa høyrde ho han gjekk, tungt, ustødt,
forunderleg seint. Ho lydde og lydde, heldt Anden og
lydde ... kvar vilde han av ? Kva tenkte han paa ? Vilde
han ut etter Kniv ... Ei tankelaus Daudrædsle tok henne.
Ho sprang ut og vilde gøyme seg; kjende seg ingin
Stad trygg; flaug att og fram, skjelvande og ør; var
so rædd at ho saag knapt. Der kom den gamle. Ho
seig i Kne med eit jamrande Skrik og strekte Armane
fram for seg. Gamlingen kunde ikkje halde seg for aa
tykkje Synd i henne, hjelpelaus og forskræmd som ho
der laag; men det kom ikkje Saki ved. Han stana og
tala til henne so rolegt og kaldt at ho straks kom til
seg att og vart skamfull yvi si eigi Rædsle. «Du var
vel verd aa døy,» sagde han; «men eg skal ikkje drepa
deg. Eg hev ikkje meir med deg. Her er Morsarven
din; tak den og gakk; og kom meg ikkje meir for Augo.
Eit slikt Kvinnfolk vil eg ikkje hava i mitt Hus; og
med desse Pengane her kann du berge deg sjølv.
Farvel!»

Dermed snudde Futen og gjekk. Ho høyrde tunge
Stig burt gjenom ein Gang; ei Dør gjekk upp og att;
so var alt stillt. —

— Det var ei Stund fyrr ho rett hadde Mod til aa
røyve paa seg; so freista ho so smaatt um ho hadde
Magt til det; og so krabba ho seg upp. Drog seg inn
i Koven sin; tok Klæde og lagde i eit Knyte; fann fram
or Skrine sitt Gullringar og Sylvstas som ho hadde etter

176

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free