Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
til aa elske ein slik, so fekk ho sjølv svide for det. No
saag ho det alt. Baard hadde aldri elska henne. Slikt
Folk kunde ikkje elske. Han hadde havt Moro med
henne; havt henne til Narr; i Grunnen hadde han tenkt
paa Signe. Aa Skam og Skjemsle, aa gudlause Synd og
Spe. Kor skamlegt og avstyggjelegt ho var narra; kor
syndigt og ærelaust han hadde misbruka hennar
Ungdom og ærlege Elsk. Det vakna eit Hat i henne som
var skræmelegt. Ho gav han Unamn so stygge at ho
ikkje sjølv visste kvar ho tok deim ifraa; ho banna
han; ho ynskte han alt det vonde ho visste. Og Signe
bad ho maatte ein Gong verte likso usæl som ho no
kjende seg sjølv. Ho sprang upp i eit Sinne so det
spruta um henne. Det ho hadde misst var for stort;
det ho no gjekk til Møtes var altfor jammerfullt. Det
blødde i henne av Saknad; det brann i henne av svivyrd
Ære og glødande Harm. Desse Udyri hadde røva ifraa
henne det ho aatte og so jaga henne paa Skogen; det
var deim det same anten ho gjekk paa Foss eller Stup.
Aa, den som var Mann og kunde hemne seg! Den som
kunde finne seg eit Hol i eit Berg og samle ville Mennar
ikring seg, og so ei myrk Natt heimsøkje Bygdi med
Mord og Brand! Men ho skulde hemne seg. Dei
skulde ikkje for inginting ha gjort henne til Skogdyr.
Skulde ho lata sitt unge Liv forspillast; skulde ho bøygje
seg og taka alt for godt... nei. Ho vilde njote sin
friske Ungdom. Og fekk ho ikkje gjera det paa den
Maaten ho hadde tenkt — ho skulde gjera det paa ein
Maate som var verre!
No var ho fri. Ho hadde ingin aa bry seg um og
ingin aa ræddast; dei skulde faa sjaa at ho ikkje var
bøygd og ikkje gav upp Live for deira Skuld; og so
sant som Gud var i Himilen, dei skulde faa trega det
dei hadde gjort! Dei skulde faa svide for henne i si
183
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>