Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
stir godt, ja var ei med dei fremste. Ho vart daa vel
umtykt, serleg, sagdest det, av unge og eldre
Herre-mennar, som brydde seg mindre um Pengar enn um
glade Dagar, og som ikkje hadde Ord for aa vera
heilage. Kor mykje som no var sant av alt dette var
vandt aa vita; men Futen, som kjende Ætti, kunde nok
tenkje seg baade eitt og anna. Daa han nokre faae Aar
etter døydde, vart det sagt og trutt rundt heile Bygdi,
at det var Tanken paa Dotteri som hadde broti den
sterke Mannen ned.
*
Gode tri Aar etter at Baard var utreist, kom det ein
Dag ei framand, bleik, staseleg Dame til Mor Judit,
som denne ikkje kjende; det var Gunhild. Og ho var
ikkje attkjennande.
Ho var meir utvaksi og holdig, men samstundes meir
folna; Aasyni var graableik; og det hadde gravi seg
fine Gaarur paa Panne og kring Munn, so ho saag mest
gamall ut. Men Augo var stirande og harde; og naar
ho slo deim braadt upp, saag dei sjuke ut. I heile si
Framferd hadde ho ei Uro som var uhügleg; ho sat
sjeldan lengi still, men flaug rett som det var upp og
gjekk, gjekk og dreiv med snøgge, hastige Rørslur; so
var det som ho kvakk att; stana; sette seg og saag
seg ikring med utrygge, skræmde Augnekast. Mor Judit
tenkte med seg: ho der hev havt nok av Verdi.
Det var Son sin ho vilde finne. Daa ho høyrde at
han var utreist, vart ho reint som fraa seg; men so
kunde Judit fortelja at ho hadde Helsing ifraa han, og
at han snart var ventande. Det hjelpte. Ho spurde ut
all Ting um han, og iser um han hadde teki seg godt
upp. Judit svara, at han hadde vori som slike Karar
flest i den Alderen, men alltid noko livleg; for det var
192
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0194.html