- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
194

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

underlege Frua. Men Gunhild gjekk kvar Dag sin visse
Gang til Mor Judit og spurde etter Guten sin; og fekk
Mor Judit til aa fortelja um Guten sin; so gjekk ho
heim att og tenkte paa Guten sin, og paa si
forskræme-lege Synd. Men um Nætane drøymde ho um den gamle
Kyrkja og um Blade med Blodskrifti.

I 17 lange Aar hadde ho gjort alt det ho kunde til
aa døyve ned desse fæle Minni og til aa gløyme baade
Guten og Ugjerningi og seg sjølv. I tie Aar fekk ho
det til; for ho kom upp i so mangt nytt, og hadde ein
fast Vilje, av di ho var nøydd til aa vilja. Det gjekk
i tie Aar, og det gjekk i tolv; ho forstod ikkje sjølv no,
at ho hadde kunna livt so reint utan Tanke. Men i det
trettande tok det nye Live til aa eldast for henne; og
i det fjortande var ho leid av det. I det femtande stridde
ho mot sine gamle Minne som Patriarken mot Engelen
— for det nytta ikkje aa minnast —; men i det
sekstande tok Minni Magti; og fraa den Tidi var det, at
den Fæla som budde i henne vart til Sjukdom. Ho gav
seg meir og meir yvi i sine uhüglege Tankar; og det
som ho fyrr hadde gløymt paa ei Vis — for Barne var
hans og ikkje hennar —, det grodde no sterkare og
sterkare fram i henne: at ho hadde ein Son. Og den
Sonen maatte no vera.stor; staut; ein Son til aa elske;
ein Son til aa rettleide og hjelpe; ein Son til aa liva
seg ung att i. Naar ho tenkte paa dette, kunde ho
graate av Lengt. Kjærleik var det ho saarast turvte,
Barnekjærleik; det som elles kalla seg Kjærleik var
Lygn og Svik; men Barnekjærleik, den gode truskyldige
Elsken hjaa eit Barn, — sitt Liv kunde ho gjeva for
den, for ei einaste Stund i Livd av den. Kor var han?
korleis hadde han det? kva Upplæring hadde han fengi?
Og kva tenkte han um Mor si, som i alle desse Aar

194

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0196.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free