- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
211

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Eg hev det so vondt,» sagde ho; «for eg er so uroleg
og fær inginting vita.» Daa sagde han henne det. Ho
trøysta han so godt ho kunde. «Mor di er sjuk,» sagde
ho; «og det er lite sætande, kva sjuke Folk drøymer
ihop.» Men i Grunnen var ho likso rædd som han. Dei
klyngde seg inn til kvarandre, og heldt liksom
kvarandre fast. «Du maa ikkje døy!» bad ho; «eg vil ikkje
døy!» jamra han; «bed til Vaarherre for meg, du; du

er so god og fager; deg maa han høyre!»

*



Dagen var komin. Idag fyllte Baard sitt attande Aar.

Gunhild laag inne og var sjuk. Baard sat i Rome ved
Sida bleik og raadlaus; Anna gjekk uroleg fraa den eine
til den andre og freista faafengt aa vera til Hjelp. Ho
bad Baard halde seg inne; det var liksom tryggare, det,
totte ho, helst paa slik ein Uvérsdag som denne. Baard
tenkte det same og sat. Men strakst etter fann han, at
inne var likso utrygt. Ein Ljonstraale kunde koma
sprettande og sprakande og sløkkje han ut som eit Ljos;
Stormen kunde auke paa og taka med seg Huse. Og
det verste av alt: det hadde hendt, at friske, sterke
Folk seig daude ned der dei sat; og ingin visste kva
dei døydde av. Han gøymde Andlite i Hendane. Gong
etter Gong spurde han Anna um han kunde koma inn
til Mor si. Anna riste paa Hovude. «Ho vert meir og
meir ør.» «Kva talar ho um?» spurde Baard. «Eg
skynar det ikkje,» sagde Anna; «det er so fælt. Det er
Vitløyse. Aa, Baard, eg trur det er vonde Draumar og
Innbillningar alt ihop.» I det same høyrde dei Skrik
derinne. Dei skvatt upp og lydde. «Baard! Baard!»
høyrdest det jamrande fraa Mori; — han inn. Anna
vart standande som fortrolla; ho rette seg fram og lydde
med Augo og Øyro, med den opne Munnen som ikkje

211

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0213.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free