Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kunde selja deg?» spurde Presten forbina. Baard létst
ikkje høyre.
«No vil eg spyr ja deg,» heldt han fram, «gjeld den
Handelen? Hadde andre Rett til aa gjera slikt med
meg?» — Retten skal me ikkje tala um,» sagde Presten.
«Men um Handelen gjeld, det stend paa kven desse
andre var.» «Det var... men er det visst at ingin fær
vita det ?» — «Tvilar du ?» — «Aa nei; det er sant...
Ja det var... det var Mor mi.»
Presten glodde. Var slikt Raad. Kunde eit Kvende
koma so langt? Kunde ei Mor selja sitt eigi Barn?
Stod det ikkje skrivi, at det er Uraad at ei Mor kann
forgløyme Barne sitt? I Sanning: Mannahjarta var ein
fæl og forskræmeleg Ting, fullt av stygge Gaatur og
Løyndomar, mett med ugudelege Hugdrag og djevelske
Lystir; men slikt hadde han endaa ikkje tenkt.
«Fortel,» sagde han til Baard. «Er dette sant, so maa det
vera ei syrgjeleg Sogu. Fortel og gjev deg Tid; um den
Vonde kjem, so kjem han ikkje utan ved Midnatt.»
Baard vart rolegare og tok til aa fortelja. Han
fortalde alt det han hadde høyrt av Mor si; og so fortalde
han um seg sjølv. Og som han sat der og fortalde,
mintest han fleire Ting, snart eit og snart anna, som han
sjølv hadde røynt, og som han no forstod maatte ha
vore Minningar og Aatvaring um det han hadde i Vente;
det var mest Draumar og slikt. Fyrr hadde han ikkje
lagt Merke til sovori; no fortalde han det i stor Rædsle,
og det voks og vart reint forunderlegt, teki paa denne
nye Maaten. Og Presten trudde meir og meir paa det
han fortalde, og myrkna ikring sine harde Augo; Make
til fælt hadde han aldri spurt.
— «No veit du alt, Prest,» sagde Baard; «seg meg no
for Guds Skuld, um ein slik Handel kann gjelde.» Presten
tagde ei Stund. So svara han: «Ja.»
214
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>