- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
216

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ei Guds Gaave eller ein Guds Straffedom; Synd,
Sjukdom, Daude, alt maa du taka; og klagar du, so klagar
du imot Gud som hev skapt deg! Kvart Barn som vert
født er født i Synd og Guds Unaade, er Djevelens Barn
og Eignalüt; og ingin kann klaga um han vert fordømd,
men maa prise Guds Visdom og Rettferd i sjølve
Helvite; for Helvite er vaar rette Arv, og der høyrer me
av Naturi heime. Men den som vert frelst, han vert
frelst av Guds ufortente Naade, og ved eit Under som er
yvi all Forstand, so sjølve Æva ikkje vert for lang til
retteleg aa takke Gud for slik ei uforskyld Velgjerning;
men den som gjeng til Helvite maa segja: visseleg nyt
eg no min Rett og det eg hev fortent; men Guds
Rettvise og Heilagdom er utan Ende!»

Baard seig meir og meir ihop der han sat. Han hadde
aldri visst dette.

«Og du,» heldt Presten fram, «maa meir enn andre
tegja og bøygje deg for Guds Rettferd, du som i all di
Tid hev livt i Synd og Ukjurskap, og rett gjort deg fyri
med aa vera Guds Vilje imot! Ver viss paa det: daa
Gud gav Mor di Magt til aa gjera denne Gjerningi mot
deg, daa saag han fyriaat, at du vilde verte ein ugudeleg
Mann som vilde fortene verre Uferd enn dei fleste; og
daa gjorde han deg berre din Rett, daa han lét deg gjeva
den Vonde i Vald.»

«Men... men ... Anna ? kva serskild vondt hev ho
gjort?»

«Um ho hev gjort noko serskilt vondt kann me ikkje
vita; men det veit me, at hev Gud sendt henne dette, so
hev han sét at ho trong um det til sin Sjælebate.»

No visste ikkje Baard meir. Han kjende seg uppraadd.
«S k a 1 eg fara til Helvite i Natt ?» spurde han hugsprengd.

Presten tagde og saag paa han. Og daa han tottest
sjaa at den unge Mannen var mykt, sagde han:

216

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free