Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Presten messa; messa so det kvein; Tonane kraup rædde
ned gjenom Kyrkja og støytte mot Veggine; kom so
endaa ræddare attende.
Hu, kor det knast. Var det den Vonde som kom upp
gjenom Golve? Det lukta brennt; det lukta Svaavel...
Han slo baae Armane kring Altare og klengde seg
fast. Forunderlegt! det var som Kyrkja sokk! Nei; ho
stod. Nei; ho stod ikkje. Ho løyste seg fraa Grunnen;
ho duva; ho dreiv som eit Skip i Have ... «Dang!» song
det varslande og vedkjømelegt liksom langt burte i ein
Bergaas; «dang! dang!» «No vere Gud hjaa oss,» sagde
Presten. Han tok Messeserken paa seg og slo Teikn i
Lufti. «Bed Gud fri deg for dine Syndir! for no vil dei
tyngje mest,» sagde han. Og Baard bad. Presten tok
Kalken i Handi og heldt fram fyre seg; so tok han til
aa syngje med skjelvande Mæle um Jesus Kristus som
dreiv Djevlar ut og lét deim fara inn i Svineflokken
ved Genesaretsjøen. Baard tenkte fælin paa alle sine
Syndir, fraa dei fyrste, daa han leika Kjærast i Gata
med Gjentungar, slost med Gutane og gjorde Ustykke
mot Ferdafolk, til dei siste, daa han får ute til Sjøs og
var Villgast, skamslo Folk og drakk og øydelagde
Gjentur ... Deira Vaabønir og Klagemaal vilde høyrast
i Himilen no, kannhende sterkare enn alle hans
Bønir.
Det gjekk ein Dun gjenom Kyrkja som av eit tungt
Fall. Baard kvakk upp; klora seg fast i Altare so
Fin-gerendane sveid: «no kjem han!» Det bura og braka;
det knaka og knast; han kjende tydeleg at Kyrkja ikkje
lenger stod paa fast Grunn ... Og under i Golve og rundt
i Veggine klora og krafsa det liksom av Kløar; Liki
nede i Kjellaren dunka tungt i sin Kistelok; dei venta
Gjestir! Baard treiv Tak i Prestekjolen, vitlaust rædd.
Det svartna gjenom Rome; Ljosi brann blaatt og gult;
222
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>