Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dei var morlause i desse Dagar, dei tvo. Gamla laag
heime i Lössementa i Rødfyllgata og var itte fresk;
elles hadde visst ikkje ho spart seg. Til vanlegt var ho
aa sjaa på Gata kvar Dag, denne vesle Halvtussa med
Saue-Andlite og den flate svarte Halmhatten ut-yvi Augo
og Øyro som Straatake yvi ein Høystakk; kvar Dag,
Vinter som Sumar, stod ho i Tuni og sveivde og sveivde
paa Lira si til aa tena Maten aat seg og sine tvo Lomb,
som nok ingin Far hadde til aa forsyrgje seg, gubbære
oss — dei hadde i det heile ingin Far paa skikkeleg
Maate —; og Johannemor, Gjentungen, var daa med
og song.
For Johannemor var eit Vedundr til aa syngje. Ho
hadde eit Bryst so lett, so lett; og Maal var der i henne
som ho skulde vera ein Gutunge. Ingin kunde gaa so
høgt i Abligaturen som ho; og so hadde ho eit Lag med
aa syngje gjenom Nasen, so naar ho rett sette i, kunde
det gaa til Merg og Bein paa den hardaste.
Tusse-Katrine sagde tidt, at ho kunde aldri Gud fulltakke for
Johannemor; ho fekk alltid Skillingar naar ho hadde
henne med seg, ikkje minst av fine Folk; og naar Lira
lét og Johannemor song var det so pent aa høyre paa,
at Tusse-Katrine for sin Part ikkje visste noko som var
so pent i denne Verdi.
Idet heile gjekk det ikkje verst for Tusse-Katrine;
og ingin kunde segja anna enn at ho stelte vel baade for
seg sjølv og for Ungane. Drakk gjorde ho ikkje utan
naar det so høvde seg; matlaus var ho sjeldan so lengi
ho var frisk; og Klæde hadde ho baade til seg sjølv og
Johanne so vidt at dei kunde koma paa Gata. Hans var
det ikkje so faarlegt med; han kunde liggje heime, naar
det var for kaldt i Vere.
Men i dei siste tvo Dagane hadde Tusse-Katrine vori
so daaleg at ho ikkje kunde koma ut; og so vart det
227
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>