- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
232

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

No fekk dei vel eit Par Skilling og gjekk. Han sukka
av Lettnad og tok paa att med full Kraft. Naar
Subjektet i den infinitiviske Setning var det same som ved
det styrande Verbum ...

Daa byrja Kattemusiken der nede paa nytt Lag. «O
motag her, min dyrebare Dukke,» bækta Johanne med
sin fælaste Nasetone, «sidste Hilsning, fra mit Hjerte
gaar; dududelidu, dududelidu; «til Helvete!» banna
Studenten.

Men Johannemor gav seg ikkje. Ho hadde songi seg
varm; og ho song av Hjartans Grunn:

Hulda Lina, jeg for dig ei dølger,
at din Ynde gjør mit Hjerte Sorg,
og min Barm af idel Elskov bølger,
indtil sidste Puls i Døden slaar,

dududelidu, dududelidu,
indtil sidste Puls i Døden slaar!

Studenten upp; trampa i Golve; det var ein Musik
som kunde pine Live av ein Tryntyrk; det var ein Musik
som kunde gaa til Merg og Bein paa ein Lygtepaale, til
Merg og Bein paa eit Vedtre ...

Blot for dig mit Hjerte trofast banker;
blot for dig jeg fatter Kjærlighed;
blot for dig jeg øver mine Tanker;
Dag og Nat saa stilles du for mig.

Dududelidu, dududelidu;
Dag og Nat saa stilles du for mig.

Jeg mit Purpur og min gyldne Krone
gjerne vilde bytte bort for dig;
du er mig mer end Kongens gyldne Krone,
om den end glinsede som Solen rød.
Dududelidu...

No stod Studenten ved Vindauga. Han hadde fire
eller fem ørfine Rukkur millom Augo; og der var ikkje

232

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0234.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free